I fotspora til kunstmålaren
Jacob Gløersen

Boka om kunstmålaren Jacob Gløersen er her!

Livet til den norske kunstmålaren Jacob Gløersen (1852-1912) er for fyrste gong samla mellom to permar.
Dette er ei praktfull gavebok på 224 sider, full av bilder, tegningar, korrespondanse, og historier fra bygdane rundt på Østlandet der Gløersen budde og måla i kortare eller lengre tid.
Pris pr. bok er kr. 399,- (+ porto)
Boka er i fyrste omgang trykt i eit begrensa opplag. Hvis du vil sikra deg boka, kan du bestille ho her.
Om boka
Jacob Gløersen (1852-1912) hørte til realistane/friluftsmålarane i det som seinare er kalla gullalderen i norsk målarkunst. Når han i dag ikkje er særleg kjent, kan det ha fleire forklaringar. Da impresjonismen vart den rådande retninga innan målarkunsten på slutten av 1800-talet, vart Gløersen og mange av dei andre eldre målarane hengande att i sin tradisjon, og vart etter kvart gløymde. Derfor er det heller ikkje skrive særleg om han i ettertida. Det vil eg retta på med denne boka.
Bakgrunnen for mi interesse for Jacob Gløersen er at bestefar Narve H. Lid sto modell for han fleire gongar når Gløersen budde i Rollag. Paa Gaarden Fjøslien midt inde i Skogen mot Sigdal har jeg især holdt til. Der malte jeg bl.a. Vinter og Høstmorgen (i Kunstmuseet), Opunder Fjeldet og Tømmerkjøring samt etpar mindre Vinterstudier, der vistnok hører til mine bedste Ting. Hvad jeg i fjor havde paa Høstudstillingen, var altsammen fra Numedal, skriv han i eit sjølvbiografisk brev i 1897.
Dette er ei bok om ein kunstmålar som var høgt skatta i si tid. Den er viktig som ein del av kunsthistoria vår, og interessant for lokalhistoria dei stadene der Gløersen budde og måla i kortare eller lengre tid.
- Narve Lid, forfattar
Her budde og måla Jacob Gløersen
Utdrag fra boka
Forfattaren Narve Lid
Narve Lid er født i Rollag i Numedal i 1945. Han er utdanna forstkandidat frå NLH, Ås, og har vore skogbrukssjef i Flesberg kommune i 20 år. Han har vore medforfattar av boka Til skogs i Rollag, og skrive fagartiklar i Knivbladet, medlemsorganet til Norsk knivforening, og i det lokalhistoriske tidsskriftet Langs Lågen.
Bestefar hans, Narve H. Lid, stod modell for kunstmålar Jacob Gløersen på fleire måleri medan han budde i Fjøslien i Rollag i 1890-åra. Det har inspirert forfattaren til å skrive denne boka. Han har samla på stoff om Gløersen i nærare 30 år. Etterkvart har dette blitt eit omfattande materiale, nok til ei bok.
